Me fekk i oppgåve å legge ut tre portrettbilder som me likte. Desse tre bildene har eg lagt ut fordi det var noko spesielt med dei som eg likte. Eg har ikkje redigert bildena så mykje, bere litt i photoshop med brightness/contrast, skygge, blur og slikt.
Her ser du dei tre bileta:
Her er bilde av hesten min, Åshild. Bildet er tatt utanfor huset vårt. Eg likte dette bildet fordi ho stod på ein fin måte, og eg fekk tatt bilde frå ein bra vinkel. Syns bildet skapte ein god stemning. Det blei også bedre når eg gjorde bakgrunnen uklar, slik at ho blei meir framheva.

Dette er eit bilete av Tone. Det er tatt utanfor skulen. Det eg likte med ette bildet var håret og himmelen. Det blei ekstra bra med skyene i bakgrunnen. Eg likte at håret tok masse oppmerksomheit.

Dette er Tone nede ved sjøen utanfor skulen. Eg fant ut at bildet blei best i grått/kvitt sidan der ikkje var så mykje fargar ellers i bildet. Dessuten blei det ekstra bra med gensaren, og at bildet er tatt ovenifrå, slik at ho ser mindre ut.