Bruk linkane under eller andre grafiske designarar/ byrå som du kjenner til, og velg ut tre ulike grafiske arbeid som du presenterar. Beskriv bruken av typografi, farge og komposisjon. Kva slags teknikk/verktøy trur du designaren har brukt? Kommuniserar arbeidet mot ei spesifikk målgruppe? Kvifor/kvifor ikkje? Vil du karakterisere arbeidet som kreativt/originalt, eller har du sett liknande ting før?
Post tekst og bilete på bloggen din.
Bright Angels:
Dette arbeidet er frå Bleed sine heimesider, og er kalla ”Bright Angels”. Det er Hintmag, eit online motemagasin som står for dette biletet. Eg likte dette designet spesielt godt fordi eg fekk assosiasjonar om fridom samstundes som det er prega av stil og mote på ein veldig profesjonell måte. Sjølve motivet i biletet står i ganske stor kontrast med den mørke bakgrunnen på grunn av dei kvite figurane som omringer kvinna i midten. Tåka i bakgrunnen gjorde eit ekstra preg over biletet, noko som skapa ein mystisk stemning over heile motivet. Det som gjorde biletet heilt komplett var kvinna i midten og måten ho står på. Ho passar heilt perfekt inn med resten av biletet. Ein ser fort at dette arbeidet har blitt jobba mykje med digitalt. Der er satt saman av forskjellige effekter, der ein ser ein ganske dramatisk bakgrunn som er satt saman med denne modellen som lyser mote lang veg. I tillegg til desse elementa ser me dei geometriske effektane rund modellen. Eg meiner at her har designarane klart å kombinere moten med resten av dramatikken i biletet på ein svært god måte. Det er dei mørke fargane som dominerer, men det er ikkje lett å unngå dei blå/lilla valørane rundt modellen. Målgruppa er helst frå ungdom og oppover fordi eg trur det er helst denne målgruppa som klarar å danne seg eit bilete av kva som er meint med dette designet.
Statoil:
Her ser me logoen til Statoil, designa av Scandinavian Design Group. Logoen sitt bodskap er å vise stjerna som sitt symbol, slik at Statoil blir sett på som ein leiande faktor framover innan oljeindustrien.
”The new logo was inspired by the starry skies of the north which for centuries have guided those who venture out in search for new frontiers.”
Logoen er Ganske enkel og ryddig i seg sjølv, noko eg ser på som ein positiv ting. Ein får eit inntrykk av at Statoil er eit solid selskap. Med det første eg såg logoen synes eg den minna meg litt om Telenor sin, men no syns eg dei er meir ulike etter å ha sett litt meir på begge. Den gråe fargen i den litt tynne skrifta står i stil til den blanke lillafargen med kvite valørar i. Logoen ser på ein måte litt ”ny” ut, fordi det ser ut som den glinsar litt. Plasseringa av den stjerne-liknande figuren er ganske bra, det gjorde logoen meir stilfull. Målgruppa for denne logoen er folk i alle aldre fordi det er ikkje noko spesielt åpenbart å forstå. Men for at folk skal forstå heilt konkret kva Statoil meiner med logoen, bør ein ha litt kjennskap til selskapet og kva dei forholder seg til. Her er det helst kunnskap som speler ei rolle, ikkje alder.
Liverpool FC:
Dette er logoen til Liverpool Football Club. Eg valde denne logoen fordi eg syns den er spesielt fin og fordi eg heier på dei. Eg liker logoen godt fordi den symboliserer ulike ting, og at den faktisk har ei meining. Det er mykje skrift i logoen, øverst står det ”You’ll never walk alone”, som er mottoet deira. I midten står står klubbens namn, og nederst står det kortid klubben blei stifta. I midten i logoen ser me ein føniks, som er frå gresk mytologi. Føniksen er eit symbol på gjenføding, udødelighet og liv etter døden. Det er ein flamme på kvar side av logoen, noko som eg trur symboliserer håp. Øverst på logoen finn med det samme mønsteret som er på inngangsporten på Anfield, heimebanen deira. Primærfargane som er brukt gjer at logoen ser ganske oversiktelig ut, og tyngda er fordelt utover på ein god måte. Eg vil påstå at det er flammane på sidene som dannar sjølve heilheiten i logoen, og at det gjer logoen meir lidenskapeleg i tillegg til føniksen i midten. Logoen er også satt saman av forskjellige former, så det ser ut som om den er delt inn i tre delar med det grøne og det raude. Skrifta er godt synleg og brukt på dei rette plassane, så ein kan sjå at det er godt gjennomtenkt. Målgruppa for denne logoen er folk i alle aldre her også. Men på samme måte med statoil, kunnskapen har mykje å sei for kor god forståelse ein får av logoen sitt bodskap.







