mandag 26. april 2010
fredag 26. mars 2010
Grafisk design
Oppgåve i trykk og foto-faget:
Bruk linkane under eller andre grafiske designarar/ byrå som du kjenner til, og velg ut tre ulike grafiske arbeid som du presenterar. Beskriv bruken av typografi, farge og komposisjon. Kva slags teknikk/verktøy trur du designaren har brukt? Kommuniserar arbeidet mot ei spesifikk målgruppe? Kvifor/kvifor ikkje? Vil du karakterisere arbeidet som kreativt/originalt, eller har du sett liknande ting før?
Post tekst og bilete på bloggen din.
Bruk linkane under eller andre grafiske designarar/ byrå som du kjenner til, og velg ut tre ulike grafiske arbeid som du presenterar. Beskriv bruken av typografi, farge og komposisjon. Kva slags teknikk/verktøy trur du designaren har brukt? Kommuniserar arbeidet mot ei spesifikk målgruppe? Kvifor/kvifor ikkje? Vil du karakterisere arbeidet som kreativt/originalt, eller har du sett liknande ting før?
Post tekst og bilete på bloggen din.
Bright Angels:
Dette arbeidet er frå Bleed sine heimesider, og er kalla ”Bright Angels”. Det er Hintmag, eit online motemagasin som står for dette biletet. Eg likte dette designet spesielt godt fordi eg fekk assosiasjonar om fridom samstundes som det er prega av stil og mote på ein veldig profesjonell måte. Sjølve motivet i biletet står i ganske stor kontrast med den mørke bakgrunnen på grunn av dei kvite figurane som omringer kvinna i midten. Tåka i bakgrunnen gjorde eit ekstra preg over biletet, noko som skapa ein mystisk stemning over heile motivet. Det som gjorde biletet heilt komplett var kvinna i midten og måten ho står på. Ho passar heilt perfekt inn med resten av biletet. Ein ser fort at dette arbeidet har blitt jobba mykje med digitalt. Der er satt saman av forskjellige effekter, der ein ser ein ganske dramatisk bakgrunn som er satt saman med denne modellen som lyser mote lang veg. I tillegg til desse elementa ser me dei geometriske effektane rund modellen. Eg meiner at her har designarane klart å kombinere moten med resten av dramatikken i biletet på ein svært god måte. Det er dei mørke fargane som dominerer, men det er ikkje lett å unngå dei blå/lilla valørane rundt modellen. Målgruppa er helst frå ungdom og oppover fordi eg trur det er helst denne målgruppa som klarar å danne seg eit bilete av kva som er meint med dette designet.
Statoil:
Her ser me logoen til Statoil, designa av Scandinavian Design Group. Logoen sitt bodskap er å vise stjerna som sitt symbol, slik at Statoil blir sett på som ein leiande faktor framover innan oljeindustrien.
”The new logo was inspired by the starry skies of the north which for centuries have guided those who venture out in search for new frontiers.”
Logoen er Ganske enkel og ryddig i seg sjølv, noko eg ser på som ein positiv ting. Ein får eit inntrykk av at Statoil er eit solid selskap. Med det første eg såg logoen synes eg den minna meg litt om Telenor sin, men no syns eg dei er meir ulike etter å ha sett litt meir på begge. Den gråe fargen i den litt tynne skrifta står i stil til den blanke lillafargen med kvite valørar i. Logoen ser på ein måte litt ”ny” ut, fordi det ser ut som den glinsar litt. Plasseringa av den stjerne-liknande figuren er ganske bra, det gjorde logoen meir stilfull. Målgruppa for denne logoen er folk i alle aldre fordi det er ikkje noko spesielt åpenbart å forstå. Men for at folk skal forstå heilt konkret kva Statoil meiner med logoen, bør ein ha litt kjennskap til selskapet og kva dei forholder seg til. Her er det helst kunnskap som speler ei rolle, ikkje alder.
Liverpool FC:
Dette er logoen til Liverpool Football Club. Eg valde denne logoen fordi eg syns den er spesielt fin og fordi eg heier på dei. Eg liker logoen godt fordi den symboliserer ulike ting, og at den faktisk har ei meining. Det er mykje skrift i logoen, øverst står det ”You’ll never walk alone”, som er mottoet deira. I midten står står klubbens namn, og nederst står det kortid klubben blei stifta. I midten i logoen ser me ein føniks, som er frå gresk mytologi. Føniksen er eit symbol på gjenføding, udødelighet og liv etter døden. Det er ein flamme på kvar side av logoen, noko som eg trur symboliserer håp. Øverst på logoen finn med det samme mønsteret som er på inngangsporten på Anfield, heimebanen deira. Primærfargane som er brukt gjer at logoen ser ganske oversiktelig ut, og tyngda er fordelt utover på ein god måte. Eg vil påstå at det er flammane på sidene som dannar sjølve heilheiten i logoen, og at det gjer logoen meir lidenskapeleg i tillegg til føniksen i midten. Logoen er også satt saman av forskjellige former, så det ser ut som om den er delt inn i tre delar med det grøne og det raude. Skrifta er godt synleg og brukt på dei rette plassane, så ein kan sjå at det er godt gjennomtenkt. Målgruppa for denne logoen er folk i alle aldre her også. Men på samme måte med statoil, kunnskapen har mykje å sei for kor god forståelse ein får av logoen sitt bodskap.
torsdag 25. mars 2010
Om bokkunst og illustrasjon
CUBAKRISEN
Kennedy i fargar
Eit utgåande bilete
tirsdag 23. mars 2010
Ein grafikar
Edvard Munch
Sjølvportrett av Munch, 1895. Litografi
Edvard Munch vart fødd den 12. desember 1863 i Løten, og han døydde den 23. januar 1944 i Aker. Han var ein norsk grafikar. I tillegg til dette var han ein målar og ein tidleg representant for ekspresjonismen. Han er den einaste norske målaren som er så berømt over heile verda. Den grafiske produksjonen til Munch er kjend for sin gode kvalitet, og spenner seg over 50 år, i perioden frå 1894 til 1944. Verka hans er prega av tradisjonelle grafiske metodar som radering, litografi, tresnitt, og veldig mykje hektografi. Alle verka til Munch blei testamentert til Oslo kommune då han døydde, og i Oslo er det eit museum med namn Munch-museet. Det finst det til saman over 17.000 grafiske blad laga av Edvard Munch. I tillegg til dette er det mykje verk av Munch som er spreidt til museer rundt om i verda.
Munch blei stilt i ein klasse for seg sjølv på grunn av at han forenkla og eksperimenterte med dei ulike grafikk metodane. Dette gjorde han enda meir kjend, og han var om lag like dyktig innanfor alle dei viktige metodane han prøvde seg på. Som grafikar hadde han ikkje store sjølvstendige arbeid, her samarbeida han mest med andre profesjonelle. Men på grunn av at vi i dag kan sjå trykk som Munch har eksperimentert med, kan vi også sjå at han var dyktig for seg sjølv også. Noko som er ganske typisk ved arbeidet hans er at han pleide ikkje å sette nummer på verka sine eller oppgi størrelsen. Han tok godt vare på arbeidet sitt, og etter han hadde trykka, tok han også vare på platene slik at han kunne bruke dei om att ein annan gong. Det kunne faktisk gå fleire år mellom kvar gong han brukte samme plate, men det var viktig å halde utstyret i orden. Desse trykkplatene testamenterte han også til Oslo kommune, saman med alle kunstverka sine. I Munch-museet kan vi derfor også sjå ei stor samling av litografiske steinar, metall- og treplater, tre presser og meir utstyr han hadde då han dreiv med trykking. Ei god grunn Munch kan ha hatt for å testamentere det til Oslo-kommune, var kanskje det at han ikkje ville at det skulle bli trykt frå steinene eller platene hans etter at han døydde.
Nokre grafiske arbeid:
Kyss på marken:
Dette trykket har ein størrelse på 208-210 x 260-266 mm, frå 1905. Førsteinntrykket mitt var at dette var eit ganske mørkt og trist bilete. Etter å ha sett litt, fekk eg ein forståelse av noko romantisk ved sjølve motivet. Det er såpass mykje fletta inn i heilheita at det er vanskeleg å få auge på alle detaljane. Eg la merke til at sjølve motivet, Kyss på marken, er berre så vidt snitta ut i tynne konturlinjer. Sjølv om det er motivet som tek mest av oppmerksamheita, er himmelen også svært synleg. Når det gjeld komposisjonen i biletet, får eg eit inntrykk av at det er eit ganske beint bilete i seg sjølv. Dette er på grunn av dei loddrette linjene som går igjen i bakken og i himmelen. Fjella i bakgrunnen bryt på ein måte opp i dette, og ein kan seie at det er dei som skil tyngda i biletet. På grunn av fargebruken er det ikkje vanskeleg å sjå at sjølve tyngda er lagt i nederste halvdel av trykket. Teknikken Edvard Munch tok i bruk her, var tresnitt, og det blir sagt at han trykte dette saman med grafikaren Lassally, men det er ingen som kan garantere dette. ¨
Vampyr 1:
Her er det Litografi som har blitt brukt, og trykket er 360-365 x 465-469 mm, frå 1895.
Badende kvinner:
Dette er eit trykk frå 1895, med ein storleik på 210-220 x 312-325 mm. Trykkmetoden Munch har brukt er radering.
onsdag 10. februar 2010
Fotografi
Denne oppgåva fekk me i trykk og foto-faget:
"Finn eit fotografi som du likar, eller som engasjerar deg innan kvar av dei 3 fotografiske sjangrane under. Linkane er berre døme! Skriv om fotografia, prøv å sei noko om både komposisjon, fargebruk, og uttrykk. Fortell også om fotografen og kvar du fann bilete."
Dei tre forskjellige sjangrana me skulle finne bilete frå var: Reportasje, dokumentasjon og kunst.
"Finn eit fotografi som du likar, eller som engasjerar deg innan kvar av dei 3 fotografiske sjangrane under. Linkane er berre døme! Skriv om fotografia, prøv å sei noko om både komposisjon, fargebruk, og uttrykk. Fortell også om fotografen og kvar du fann bilete."
Dei tre forskjellige sjangrana me skulle finne bilete frå var: Reportasje, dokumentasjon og kunst.
Reportasje
Dette er eit bilete av USA sin nye president, Barack Obama, saman med kona si. Dette biletet er tatt i det dei går ut av eit fly som landa i London. Eg vil sei at dette er eit ganske romsleg bilete, der komposisjonen ikkje blir mykje fyllt ut. Fargane er rolege og nøytrale, og eg ser ikkje spesielt mykje styr i biletet. Eg likte dette biletet fordi det har eit positivt uttrykk, og har mykje merksam rundt seg.
Foto:
SCANPIX
Kjelde:
Dokumentasjon
Dette er eit bilete av Kajsa Bergqvist sitt høgdehopp. Eg likte dette biletet fordi det er tatt i eit heilt spesielt augneblikk. Det uttrykkjer fleire ulike kjensler som kan assosierast med siger og glede. Personen på biletet fyller ut komposisjonen ganske bra, og det er eit ganske stort fokus på sjølve motivet på grunn av dette. Sjølv om biletet er tatt ute i dagslyset, består det framleis av mørke fargar, men dei er ikkje spesielt dominerande.
Foto:
Stella Pictures
Kjelde:
Kunst
Dette er eit bilete av ei tilfeldig dame som står ute i sjøen. Når eg tenkjer på kunst, tenjer eg at det kan vere så mangt. Dette fotografiet uttrykkjer både friheit og glede, og har kanskje eit bodskap om å vise fram sjølve freden som tek plass i biletet. Det er eit svært luftig bilete, og komposisjonen er ganske stor i forhold til sjølve motivet. Dette gjer at dama ser mindre ut, ute i den store sjøen. Fargane er lyse, naturlege og glade, og gjer meg assosiasjonar om sumar, bading og avslapping.
Foto:
Ukjent
Kjelde:
onsdag 6. januar 2010
Julekort med Adobe Illustrator
Her skulle me lage eit julekort i eit program me har begynt å bruke litt, Adobe Illustrator. Eg ville ha eit ganske fint og enkelt kort.
Framside til skulekatalogen
Me fekk i oppgåve å lage forslag til framside til skulekatalogen. Eg, Tone og Caroline var saman på ei gruppe. Me fant ut at me ville ta bilete av forskjellege folk frå alle klassane på skulen, og deretter sette bileta saman til ei framside. Dei skulle vere like store og stå i "rutenett". Me fant ut at det ville vera morosamt om alle gjorde grimaser, men samtidig blir det seriøst med tanke på måten me satt bileta opp. Me hadde fleire forslag til kva fargar me skulle bruke, men filter blei best, her er eit døme:
Abonner på:
Kommentarer (Atom)













