CUBAKRISEN
Boka eg har valgt heiter "Cubakrisen", som er bok nummer to i bokserien "Den kalde krigen". Boka sin forfattar heiter Peter Chrisp, og den er utgitt av Libetto forlag i 2001. Boka er i formatet 24,5x17,5 cm, og omslaget er i svært solid og bra kvalitet. Dette har kanskje noko å gjere med at boko ikkje er fullt så gammal, den ser hvertfall svært ubrukt ut sidan den er i så bra stand. Fotografia er teke frå forskjellige fotografar og museum, og boka består av både gamle og nyare bilete. "Cubakrisa" er ei historisk bok som tar for seg krisa på cuba i 1962 som eit ledd i den kalde krigen. Papiret i boka er glansa og ganske solid, ikkje like matt som det vanlegvis er i andre bøker.


Eg tolker og opplever boka som veldig interessant og lærerik. Bileta er helst mørke og ser gamle ut, men det er også nokre moderne fotografi i boka. Komposisjonen i boka er ganske varierande, med faktabokser og både firkanta og utgåande bilete. Dette gjer boka kjekkare og meir spanande å lesa. Faktaboksane er alltid like, men ulike storleikar. Det ser ut som bileta er redigert på forskjellige måtar, men mesteparten er utan fargar. Dei fotografia med fargar er sjølvsagt dei frå nyare tid. Illustrasjonar kan ein finne på om lag kvar side i boka, og ein kan aldri vete sikkert kva som ventar på neste side. Eg vil påstå at målgruppa for denne boka er frå vidaregåande skule og oppover. Ein må på ein måte ha litt historisk kunnskap for å få ein betre forståelse av boka. Det er også veldig mykje fokus på ledarane i USA, på Cuba og i Sovjetunionen på denne tida.
Kennedy i fargar
Eit utgåande bilete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar