tirsdag 23. mars 2010

Ein grafikar

Edvard Munch

 

Sjølvportrett av Munch, 1895. Litografi



Edvard Munch vart fødd den 12. desember 1863 i Løten, og han døydde den 23. januar 1944 i Aker. Han var ein norsk grafikar. I tillegg til dette var han ein målar og ein tidleg representant for ekspresjonismen. Han er den einaste norske målaren som er så berømt over heile verda. Den grafiske produksjonen til Munch er kjend for sin gode kvalitet, og spenner seg over 50 år, i perioden frå 1894 til 1944. Verka hans er prega av tradisjonelle grafiske metodar som radering, litografi, tresnitt, og veldig mykje hektografi. Alle verka til Munch blei testamentert til Oslo kommune då han døydde, og i Oslo er det eit museum med namn Munch-museet. Det finst det til saman over 17.000 grafiske blad laga av Edvard Munch. I tillegg til dette er det mykje verk av Munch som er spreidt til museer rundt om i verda.



Munch blei stilt i ein klasse for seg sjølv på grunn av at han forenkla og eksperimenterte med dei ulike grafikk metodane. Dette gjorde han enda meir kjend, og han var om lag like dyktig innanfor alle dei viktige metodane han prøvde seg på. Som grafikar hadde han ikkje store sjølvstendige arbeid, her samarbeida han mest med andre profesjonelle. Men på grunn av at vi i dag kan sjå trykk som Munch har eksperimentert med, kan vi også sjå at han var dyktig for seg sjølv også. Noko som er ganske typisk ved arbeidet hans er at han pleide ikkje å sette nummer på verka sine eller oppgi størrelsen. Han tok godt vare på arbeidet sitt, og etter han hadde trykka, tok han også vare på platene slik at han kunne bruke dei om att ein annan gong. Det kunne faktisk gå fleire år mellom kvar gong han brukte samme plate, men det var viktig å halde utstyret i orden. Desse trykkplatene testamenterte han også til Oslo kommune, saman med alle kunstverka sine. I Munch-museet kan vi derfor også sjå ei stor samling av litografiske steinar, metall- og treplater, tre presser og meir utstyr han hadde då han dreiv med trykking. Ei god grunn Munch kan ha hatt for å testamentere det til Oslo-kommune, var kanskje det at han ikkje ville at det skulle bli trykt frå steinene eller platene hans etter at han døydde.





Nokre grafiske arbeid:



Kyss på marken:


 
Dette trykket har ein størrelse på 208-210 x 260-266 mm, frå 1905. Førsteinntrykket mitt var at dette var eit ganske mørkt og trist bilete. Etter å ha sett litt, fekk eg ein forståelse av noko romantisk ved sjølve motivet. Det er såpass mykje fletta inn i heilheita at det er vanskeleg å få auge på alle detaljane. Eg la merke til at sjølve motivet, Kyss på marken, er berre så vidt snitta ut i tynne konturlinjer. Sjølv om det er motivet som tek mest av oppmerksamheita, er himmelen også svært synleg. Når det gjeld komposisjonen i biletet, får eg eit inntrykk av at det er eit ganske beint bilete i seg sjølv. Dette er på grunn av dei loddrette linjene som går igjen i bakken og i himmelen. Fjella i bakgrunnen bryt på ein måte opp i dette, og ein kan seie at det er dei som skil tyngda i biletet. På grunn av fargebruken er det ikkje vanskeleg å sjå at sjølve tyngda er lagt i nederste halvdel av trykket. Teknikken Edvard Munch tok i bruk her, var tresnitt, og det blir sagt at han trykte dette saman med grafikaren Lassally, men det er ingen som kan garantere dette. ¨



Vampyr 1:


Her er det Litografi som har blitt brukt, og trykket er 360-365 x 465-469 mm, frå 1895.

Badende kvinner:




Dette er eit trykk frå 1895, med ein storleik på 210-220 x 312-325 mm. Trykkmetoden Munch har brukt er radering.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar